Stillingsinstruks for Jondal Båthamn.

 ( vedteken av årsmøte den 16. mars 2012 )

Leiar

- Skal sjå til at Jondal båthamn (båtlaget) vert styrt i samsvar med vedtekter og årsmøtet sine

vedtak og at styremøter vert gjennomført. Leiar har fullmakt/signatur for Jondal båthamn.

- Ansvarleg for leiing av styremøter.

- Ansvarleg for kontakt med valkomiteen.

- Ansvarleg for tinging av møterom til årsmøte.

- Festleiar.

- Ansvarleg for utarbeiding av plan for framtidig velikehald av hamne- og landanlegg i samråd

med hamnesjef, nestleiar og bryggjesjefar.

- Båtlaget sin byggjeleiar og dugnadsansvarleg ved gjennomføring av byggjeprosjekt i hamna.

Dugnadstimar skal snarast rapporterast til kasserar.

Nestleiar

- Overta leiar sitt ansvarsområde når denne ikkje er til stades.

- Ansvarleg for drift av båtlaget si heimeside.

-Ansvarleg for båtlaget sitt arkiv saman med sekretær.

- Skal assistera sekretær med innkalling til årsmøter.

- Skal saman med sekretær og leiar førebu saker til årsmøte.

- Ansvarleg for søknadar i samband med utbyggjing, søknadar om tilskot m.m..

- Ansvarleg for revisjon av hamnekart med oversikt over båtplasser.

Kasserar

- Skal føre rekneskap over båtlaget sine inntekter og utgifter.

- Skal sjå til at avgifter og inskot vert innbetalt til rett tid, og evt. purre.

- Skal betale rekningar i rett tid etter at desse er attestert av leiar.

- Skal minst14 dagar før ordinært årsmøte leggja fram for styret revidert rekneskap

saman med liste over medlemer som står til rest med sine økonomiske forpliktelsar ovanfor båtlaget.

- Skal på ordinært årsmøte leggja fram revidert rekneskap samt oversyn over båtlaget si økonomiske

stode og budsjettframlegg for neste år.

- Skal saman med resten av styret stå for utarbeiding av budsjett for framtidige investeringar for båtlaget.

+47 948 27 151

  • Facebook Social Icon

© 2017 by Jondal Båthavn