Hamnereglement for Jondal båthamn
( sist endra av årsmøte den 16. mars 2012 )
​
1.0 Hamnesjef.
For å ivareta orden i hamna skal ein av styret sine medlemer verka som hamnesjef, i nært samarbeid med resten av styret.
​
​
2.0 Båtplassfordeling.
Hamnesjefen, i samråd med styret, kan føreta omdisponering av båtplasser. Medlemer må
retta seg etter dette og nytta den tilviste plassen.
​
​
3.0 Eksklusiv rett til båtplass.
Kvar enkelt medlem som disponerer båtplass i Jondal Båthamn har kjøpt eksklusiv rett til ein båtplass med bestemt breidd slik som det er gjort greie for i kontrakt/målebrev. Medlem er ikkje eigar av bryggje, utriggarar, festeanordningar eller andre gjenstandar i hamna.
​
​
4.0 Hamnereglementet sin rekkevidde.
Medlemmer, leigetakarar og besøkjande er forplikta til å fylgja hamnereglementet.
​
​
5.0 Båtstørrelse.
5.1 Båtplassen sin størrelse i breiddemeter vert rekna frå senter/senter utriggar eller senter
utriggar/senter fortøyningsbom. Det bør vera min. 0,2 m klaring mellom båtskrog og utriggar/fortøyingsbom.
​
5.2 Det er ikkje tillete å fortøya båt som er for lang, brei eller tung i tildelt båtplass.
Medlem kan ikkje føreta justering av plassen si breidd utan etter løyve frå hamnesjefen.
Båtar som ikkje passar kan hamnesjefen avvisa eller tilvisa annan plass i hamna.
​
​
6.0 Fortøyningsreglar.
​
6.1 Båten skal vera forsvarleg fortøyd med strekkavlastarar og fendrar. Hamnesjef kan krevja fortøyning
utbetra, og utføra dette for båteigar si rekning dersom båteigar ikkje rettar seg etter krav frå hamnesjef.
​
6.2 Gjenstandar som er festa til båten (anker, baugspyd, joller, daviter og liknande) må ikkje
stikka inn over bryggja.
​
6.3 Flytande tauverk må ikkje førekoma.
​
6.4 Uturvande støy frå hamna skal ikkje førekoma. Fall, skjøter og stag m.m. skal festast slik
at det vert minst mogeleg støy som fylgje av vind.
​
6.5 Privat gjenstandar og installasjonar på bryggjene skal godkjennast av hamnesjefen. Det er
ikkje tillete å montera bildekk, tepper, tau og liknande på bryggjer og utriggarar.
​
6.6 Lettbåtar/joller skal ikkje oppbevarast på bryggjene, og dei skal ikkje fortøyast på ein slik
måte at dei ligg i vegen for andre si manøvrering.
​
6.7 Det er ikkje tillete å oppbevara gjenstandar, slik som båtutstyr, avfall eller anna på
bryggjer, utriggarar og landområdet.
​
6.8 Metallbøyler eller liknande (sjaklar og kjettingar) som kan skada rustbeskyttelse på plassen
sine fortøyningsfester, er forbode å bruka.
​
7.0 Ordensreglar.
​
7.1 Medlemer har plikt til å halda god orden i hamna. Kasting av avfall, fiskeavfall, tøming av toalett og septiktank skal ikkje føregå i hamna. Sløying av fisk, greiing og reinsking av garn, opplag av teiner, garn og liknande skal ikkje føregå i båthamna.
​
7.2 Medlemer skal ikkje ureina med oljesøl og liknande, jf Forureiningsloven av 13. mars
1982 nr. 6.
​
7.3 Medlemer og andre er forplikta til å retta seg etter Jondal Båthamn sine krav til orden og
rydding i hamna og på landområdet.
​
7.4 Det skal vera ro i hamna etter kl. 23.00.
​
7.5 Jondal Båthamn kan fjerna båtar i fylgjande tilfeller:
​
7.5.1 Båtar som på grunn av manglande vedlikehald er skjemmande. Dette gjeld også for båtar og joller
som søkk eller er fylt med vatn og ikkje får tilsyn.
​
7.5.2 Båtar som kan føra til ureining, havari eller trafikkvanskar i hamna.
​
7.6 Dersom medlem ikkje rettar seg etter pkt. 6.2, kan hamnesjefen etter å ha varsla medlemet, på eige initiativ syta for turvande tiltak. Kostnad i samband med dette er medlem ansvarleg for.
​
7.7 Dersom medlem oppdagar skade på eller manglar ved utstyret i hamneanlegget, skal
straks melda frå om dette til hamnesjefen.
​
7.8 Bilar skal parkerast på parkeringsplassen.
​
7.9 Det skal ikkje lagrast båtar, tilhengarar, båtutstyr eller anna på Jondal Båthamn sitt landområde.
​
7.10 Det er ikkje tillete med bading i hamnebassenget.
​
​
8.0 Straum.
Leidningar som vert nytta skal ha godkjent kapsling og dimensjon, og skal leggjast slik at den
ikkje kjem ned i sjøen.
​
8.1 Straum til bruk for reingjering, vedlikehald, batterilading og liknande for korte periodar
er kostnadsfritt. Straumkabel skal fjernast når han ikkje er i bruk.
​
8.2 Straum til oppvarming av båt, vatn m.m. skal avreknast etter forbruk. Målarstand skal
avlesast av medlem og rapporterast til hamnesjef ved tilkopling og ved fråkopling.
​
9.0 Ferdsel.
9.1 Ved inn- og utkøyring i hamna skal det utvisast varsemd. Maks fart i hamna er 3 knop.
9.2 Uvetting navigering eller annan farlig/hensynslaus ferdsel i havna, eller på havna sitt land-
område, kan føra til tap av båtplass og medlemskap.
​
10.0 Tilsyn.
Båteigar må syta for regelmessig tilsyn av sin båt. Ved uver og anna, har båteigar plikt til enten sjølv eller gjennom andre, å forsikra seg om at alt er i orden. Feil ved anlegget skal straks rapporterast til hamnesjefen.
​
11.0 Gjestehamn.
Gjester i småbåthamna er pliktige til å fylgja hamnereglement og hamnesjefen sine tilvisningar. Gjestehamn kan nyttast mot avgift som vist i gjeldande prisliste. Gjestehamna skal ikkje nyttast til fortøyning av båtar i perioden 15.09 - 15.04.
Gjestebryggja mellom land og fyrste utriggar kan ikkje nyttast til fortøyning av båtar.
​
12.0 Brot på hamnereglement.
Medlemmer som ikkje rettar seg etter dette reglementet, kan ekskluderast i samsvar med § 8 i vedtekter for Jondal Båthamn.
​
13.0 Endring av hamnereglement.
Årsmøtet i Jondal Båthamn kan til ei kvar tid endra hamnereglementet. Alle medlemmer skal
informerast om ein kvar endring i hamnereglementet.
​
14.0 Informasjon.
Alle medlemmer skal tildelast hamnereglementet, og har plikt til å gjera seg kjent med dette.
Hamnereglementet skal vera oppslått på Jondal Båthamn si oppslagstavle.