top of page

Vedtekter for Jondal båthamn
( sist endra av årsmøte den 12. april 2019 )

§1 Føremål

Jondal båthamn (båtlaget) sitt føremål er å samla båtinteresserte til utbyggjing, drift og administrasjon av båtlaget sitt hamneanlegg i Jondal sentrum.

§2 Styret

Båtlaget vert leia av eit styre på 5 faste medlemer. Desse er styreleiar, nestleiar, kasserar, sekretær og hamnesjef. 

Styret fordeler sjølv verva med unnatak for leiar, og skal utarbeida instruks for sine medlemer samt for bryggjesjefar. Styret skal velga bryggjesjefar. Styret er ansvarleg for føring av rekneskap og økonomisk planleggjing og skal leggja fram årsmelding og revidert rekneskap for årsmøtet.Styret skal leia Jondal båthamn si verksemd i samsvar med vedtekter, hamnereglement, stillingsinstruks, vedtak som vert fatta av årsmøtet og eventuelle pålegg frå offentlege organ. Styret skal syta for organisering, tilsyn og vedlikehald av hamna slik at den fungerer trygt og føremålsteneleg for båtlaget sine medlemer. Styret kan ut i frå båtstørrelse, plassering av utriggarar eller andre tilhøve omfordela båtplasser.

Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades, av dei enten leiar eller nestleiar. 

I høve likt røystetal, avgjer leiar med dobbeltrøyst.

§3 Årsmøtet

Årsmøtet er laget sitt øverste organ, og bør haldast før 1. april kvart år. Det skal kallast inn med minst 6 vekers varsel. Saker som etter ynskje frå medlemer skal handsamast av årsmøtet må vera styre i hende minst 4 veker før årsmøte.

Årsmøte skal handsama:

a. Val av møteleiar og skrivar.

b. Valg av to personar til å underskrive protokoll.

c. Godkjenning av innkallinga.

d. Referat frå førre årsmøte.

e. Årsmelding.

f. Revidert rekneskap med revisorane sine merknader.

g. Val av leiar for 1 år.

h. Val av to styremedlemmer for 2 år.

i. Val av to varamedlemmer for 1 år.

j. Val av revisor for 1 år.

k. Val av valkomite med 3 medlemmer for 2 år. Styret kjem med framlegg.

l. Fastsetjing av innskot og årsavgift.

m. Eventuelt.

Årsmøte er vedtaksført når minst 10 % medlemene er til stades. Eventuelt ekstraordinært årsmøte som fylgje av manglande frammøte til ordinært årsmøte, er vedtaksført uansett kor mange som møter. I årsmøtet har kvart medlem ei røyst. Medlem kan gje fullmakt til anna familiemedlem eller annan medlem i båtlaget til å møte og avgje røyst på årsmøtet. Ingen kan avgje meir enn to røyster på årsmøtet. I høve likt røystetal, avgjer styreleiar med dobbeltrøyst.

Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst 10 % av medlemene krev det, og det skal kunngjerast på same måte som ordinært årsmøte. Det skal førast møtebok for kvart møte.

§ 4 Endring av vedtekter

Alle endringar i laget sine vedtekter krev minst 2\3 fleirtal ved avrøysting på eit årsmøte. Framlegg til endring av vedtekter må fylgja skrifteleg innkalling til årsmøte.

§ 5 Medlemskap

Styret avgjerd søknad om medlemskap. Søknad skal vera skriftleg og opplysa om størrelse på båt samt vera dagsett og underteikna. Dersom det ikkje er ledige plasser, vert søkjar ført på venteliste der plasser vert tildelt etter dato på motteken søknad. Medlem er eigar av sin båtplass. Sal, overdraging og byte av båtplass skal formidlast av styre etter reglane i § 9.

§ 6 Manglande betaling av årsavgift

Dersom årsavgift ikke er betalt etter to purringar, kan styret sei opp medlemskapet og selja båtplassen for eigar si rekning og ansvar. Medlemet får utbetalt innskot med fradrag av skuldig avgift og Jondal Båthamn sine utgifter ved sal av båtplass.

§ 7 Materiell, orden og reinhald.

Medlemer skal handsama materiellet til båtlaget med varsemd. Medlemer er ansvarleg for manglande sikring av båt, samt tilsyn. Ved bortleige av båtplass, kviler dette ansvaret på eigaren av båtplassen.

§ 8 Eksklusjon

Medlemer som ikkje fylgjer vedtekter, hamnereglement, pålegg frå årsmøte, styre, hamnesjef eller bryggjesjef eller på annan måte ikkje er kollegial, kan styret gje skriftleg åtvaring. Etter to årvaringar kan styret sei opp medlemskapet med umiddelbar verknad. Styret si avgjerd kan ankast til årsmøte, som tek avgjerd med alminnelig fleirtal. Medlem er suspendert fram til eventuell avgjerd i årsmøtet. 

§ 9 Overdraging, byte og sal av båtplass.

Båtplass kan overdragast i næraste familie. Overdraging skal meldast til styret. Byte av båtplass skal meldast til og godkjennast av styret. Sal av båtplass skal meldast til og formidlast av styret. Når ein plass vert ledig for sal, skal den fyrst tilbydast medlemer som ynskjer å byta plass, deretter vert plassen tilbode dei som står på venteliste etter ansiennitet. Å stå på venteliste gjev kjøpsrett, men ikkje kjøpsplikt.

Styret har ikkje ansvar for oppgjer mellom partane. Evt. skuldig årsavgift eller anna skal vera oppgjort før ny eigar kan ta plassen i bruk.

Framleige av båtplass må meldast til styret. Ledige båtplasser kan leigast ut når styret godkjenner det for 1 år om gongen.

§ 10 Dugnad.

Styret eller den som har fullmakt frå styret kallar inn til dugnad. Før 10. mai skal det kvart år utførast årleg dugnad med spyling, vask og vedlikehald av bryggjer, utriggarar, kaiområde, slipp, grøntanlegg m.m.. Dugnad skal organiserast og gjennomførast av hamnesjef og bryggjesjefar.

§ 10 Oppløysing.

Dersom laget skal oppløysast må dette gjerast med 2\3 dels fleirtal av årsmøte og minst

50 % av medlemane må vera til stades. Årsmøte eller ekstraordinært årsmøte som vedtek oppløysing av laget skal ta stilling til kva som skal skje med båtlaget sin eigedom, inskot, gjeld og anna. Dette kan og overlatast til sist fungerande styre som då vert avviklingsstyre.

bottom of page